Oppgåve: Skriv ein kommentar til teksten;
"I'm Hungarian from Romania living in Norway now. We've been struggling to keep our language and who we are ever since Romania took over Transylvania. What I don't understand is how come Norwegian hate their OWN LANGUAGE?? Bokmål is fine too, but why not trying to preserve the real Norsk (nynorsk)? You're not under Denmark anymore, how come you are so against it? Why can't it be tolerated and more used in literature and schools too?"
Hei!
Her i Noreg har vi to offisielle målformer; bokmål og nynorsk. I følgje Wikipedia er bokmål nytta av omlag 85% av befolkninga. Noko som betyr at omlag 15% av den norske befolkninga har nynorsk som deira hovudmålform. Kva for ein målform du nyttar kjem mykje an på kor i landet du bor eller vakse opp.
Korleis brukarane er fordelt på dei to målformene, trur eg har mykje å si for inntrykket ein kan få av nynorskdebatten. Kven har ikkje høyrt nokon seie: "Kvifor må eg lære nynorsk på skulen, når eg kan forstå kva ein nynorsktalande seier?". Formålet med innføringa av obligatorisk sidemålsundervisning i skulen, var å stille begge målformene likt. I Noreg har vi to målformer; alle burde kunne beherske begge.
Framleis står det skrive i læreplanen at alle frå ungdomsskulen til og med videregåande skule skal ha sidemålsundervisning. Som elev på Østlandet med bokmål som min hovudmålform, blei eg ikkje introdusert for nynorsk før i niande klasse. Da starta vi så smått med substantivbøying og omsetjing av enkle ord og setningar. For mang ein skuleelev - meg inkludert - har den gule ordlista alltid vore ved eins side. For nok øving til å beherske sidemålet fullt og heilt, har dei færraste.
Du som skriv innlegget spør kvifor vi ikkje tar betre vare på nynorsk. Du lurer også på om ikkje nynorsk kan bli meir brukt i bøker og på skulen. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal svare på dine spørsmål. Det finns mange meiningar og argumenter blant folket. Nokon er for å bevare nynorsk, mens andre har argumenter mot. Om ein vel å kalle det hat, for vere opp til kvar enkelt.
Meiningar, argumenter og engasjement. De er alle viktige i denne samanhengen. Likevel synes eg det er nødvendig å trekkje inn nok ein faktor: Påverknaden utanfrå. Med det meiner eg dei inntrykka vi - bevisst og ubevisst - omgir oss med dagleg: Dei fleste bøker og blader kjem ut på bokmål. Tar du ein titt på ein reklameplakat eller i ein brosjyre, vil du med stor sannsyn måtte lese på bokmål. Og når las du sist nynorsk på eit produkt kjøpt i matbutikken?
Det store spørsmålet blir kanskje, om dette er ein utvikling vi ønskjer eller ikkje? Denne debatten er lang, den er omfattande og per i dag utan noko endeleg løysning. Kva som derimot er sikkert, er at engasjementet blant folket er på topp, og at det er rom for mange meiningar. Det er til dømes plass til dine (Hungarian from Romania) tankar om nordmenn sitt forhold til nynorsk :)
Kjelder:
http://nn.wikipedia.org/wiki/Bokm%C3%A5l
http://www.nynorsk.no/nmu/dialekt/nyttigefaktaomnyttigeord.shtml
http://www.barnebokinstituttet.no/biblioteket/statistikk_for_barne_og_ungdomslitteratur?view=article&view_one=922
tirsdag 2. mars 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar